Etter å ha fått urimleg hard medfart over tid, har styreleiar vald å takke av som leiar i hytteforeninga. Han har bede underteikna om å publisere denne informasjonen.

Utifrå ordskiftet som gjekk føre seg på årsmøtet sist helg, skulle ein tru det var heilt andre ting enn brøyting som blei diskutert. Usemje om sak er alltid OK, men dårleg oppførsel kan aldri forsvarast.

Eg takkar Knut for innsatsen gjennom mange år, og ønskjer han lukke til som «sivilist». Eg har full forståing for avgjerda hans slik denne saka utvikla seg.

Vidare informasjon om hytteforeninga på denne nettstaden blir overteken av det nye styret så snart dette er konstituert.